Sommerglimt

Dinosauren på Vistnes

Forhaustar på Vistnes Han står der ved steingarden med utsikt over havet, dinosauren på Vistnes.
Grønt gras, blått hav, grå steinar, blå himmel. Hanen gjel oppe på garden, og livet er godt å leva.
Dinosauren tek det heile med den ro som 250 millionar ås tradisjon krev av ein skapning. Urørleg teier han, men med halsen strekt opp og fram, nyskjerrig.
Han veit at tidene skifter. Kanskje snik han seg til ein skeiv flir når han ser på dei geskeftige menneska, som har levd bare eit minutt på jorda, men trur dei skal vera herrar til evig tid. Utover mot havdisen styrer ein oransje supplybåt. Under havbotnen ligg olje som vart laga då dinosauren var ung. I 250 millionar år har rikdommen venta der. På 50 år skal han forbrukast. Eit grådig lynglimt i tida.
Men naturen overlever alltid. Og dinosauren like eins, i si forunderlege sjelevandring.
Eingong brontosaurus, diplodocus og tyrannosaurus rex.
I dag Serigstad FS 115 K.
Og i morgon?
Signature
Last updated 22-Jul-1996 Trond HAUGE
Fra Stavanger Aftenblad Torsdag 4. juli 1996.