Høvla landskap

Frå lyngkledde hei til glitrande hav
der streva dei som no ligg i grav.
Med spade og spett dei stridde ein strid
for ein inngangsbillett til ei betre tid.
No har dei innløyst billetten og reisa er gjort.
Men naturen den kviskrar: Gjekk reisa for fort?

I myrar og tjørn der var livet så rikt,
men jærbuen har ikkje sansen for slikt.
Kva skal han med myrull og villgras og strå?
og fuglar som siglar på himmelen blå?
For han er flatlending, han,
og alt han vil sjå
av fuglar, er høner på bakkenivå.

Av bekkefar fans her så mange eingong
men i jærbuen er der visst nedlagt ein trong
til å leggja i røyr, og med mold oppatpå
for å jevna dei ut til eit flatlandsnivå.
For han er flatlending, han,
og han har ikkje sans
for anna enn mold og for gullkalvedans.

Alt som stikk nasen for steingarden opp
skal fjernast og fyllast i næraste grop.
Når tjelva er reinska for buskar og tre
føler jærbuen glede og lukke og fred.
For han er flatlending, han,
og vil helst ikkje sjå
en einaste busk over steingardsinvå.

Ja, steingarden og, den som før var til gagn
nå skal han fjernast og verta eit sagn.
Symbolet for Jæren vert borte for godt
men jærbuen syns det er "grueleg" flott.
For han er flatlending, han,
og vil ikkje forstå
at Jæren er bilder med steinrammer på.

Mellom Bryne og Kvernaland ligg der ein dam
for jærbuen er den ei gyseleg skam:
Den sko vore fylt opp med stein og med jord,
men sjølv for ein jærbu vert jobben for stor.
Men han er flatlending, han,
og har direktekontakt
på ei trådlaus linja til ei høgare makt.

Han sender til Herren eit sukk og ei bøn:
"Ser du Tinghaug som ligg der og ergrar meg grøn?
Ta lorten og hiv den i vatnet, Gud,
så eit gjennomsnittslandskap kan folda seg ut.
For eg er flatlending, eg,
og eg vil ikkje sjå
eit landskap med sjøar og tinghaugar på."

Ein glitrande snødag er sjeldan å sjå
med akande ungar i bakkane små,
og dei bakkar som fins, dei vert borte omsenn,
dei vert borte for alltid, kjem aldri igjen.
For han er flatlending, han,
han vil ikkje sjå
ei einaste tjelva som ligge på skrå.

Ja, kollar og grushaugar vil han ha vekk
så landet ser ut som det ligge i strekk.
Når landet ligg ope for kuling frå nord,
då er jærbuen glad, han er omsider blitt stor.
For han er flatlending, han,
og vil helst kunna sjå
alt som ligg innan ei mil heimanfrå.

Anders Bondhus


Last updated 22-Jul-1996 Trond HAUGE